Lustraløpet 2021 -trim!

Lustraløpet 2021 blir som de veit ikkje gjennomført som eit konkurranseløp eller som felles trim arrangement. Men me i Luster Idrettslag ynskjer å bidra til aktivitet, og tilbyr Lustraløpet som eit trimarrangement som du kan gjennomføre i eigen regi. Om du ynskjer å fortsette ei uavbroten rekke med Lustraløp, støtta idrettslaget, eller berre vil ha ein roleg gåtur på 10 km. i noko av den vakraste naturen me har i landet, er det berre å finna fram joggesko, drikkeflaska, og tursjokoladen.

Perioden der ein kan gå er frå 1. juli til 1.desember. Gå gjerne i lag med familie eller venner. Viktig at ein alltid føl gjeldane retnigslinjer i høve til avstand osv.

Ruta: Løpet/ruta er 10 km. Den starter ved Nes Camping og sluttar ved Luster Oppvekstsenter. Det er samme kva veg du går dette året.

Betaling: pris for trimklassen er som før. kr: 100,-for enkeltpersonar og kr: 250,- for familie. Du kan betale inn til kontonr: 3785 20 03619, eller gå inn på Vipps kiosken vår. Vipps nr. 107386.

Registrere gjennomført løp: For at me skal kunne halde styr på premiering, og statestikk på tal gjennomførde løp, er me avhenging av at alle som har gått, sender ein sms . til 9953 9746 (Svein Tore Heltne), eller e-post til leiar@lusteril.no. Me treng namn og alder på alle som har gjennomført.

Starten av løypa på Neshøgdi, rett attmed busslomma.

Utrekkspremiar: Blandt dei som gjennomføre blir det trekt ut gåvekort på Sport 1-Sportsbui i Gaupne pålydande kr: 4000,- og kr: 2000,- Sportsbui er med å sponsa gåvekorta. Vinnarar blir publiserte på heimesida i september, og sjølvsagt kontakta.

Dette vil bli godkjent som gjennomført løp i forhold til langtidspremiering. Premiar for førstegangsdeltakelse, 5-10-15-20-25-30 års deltakelse vil bli utdelt i desember, enten direkte eller på anna måte, alt etter kva koronasituasjonen tillet. (Premiar blir ikkje sendt ut pr. post. eller køyrt ut til bebuarar utanfor kommunen. Premiar kan og hentas på neste års Lustraløp, om ein ikkje får moglegheit til å hente desse i haust)

Mål på skuleplassen til Luster Oppvekstsenter.