Måndag 28.september blir siste treninga denne sesongen! Me er då i Luster 🙂 me deler oss i 3 grupper og har trening. Det blir ikkje tradisjonell kamp barn - vaksne, men me oppmodar føresette å vere med på gruppene frå kl 18.30 då me har ulike konkurranser der barna er mot dei vaksne. På slutten blir det boller og smootie! Pga koronasituasjonen er bollane innpakka, og det blir delt ut til ungane på gruppene - ein får ikkje finne seg sjølv. Fint om nokon av dykk vaksne hjelper til med dette🙂 har de drakter heime, er det fint om de leverer dei måndag!
Me vil takke for ein fin og annleis sesong🙂 me gler oss til neste sesong og håpar å møte like mange ivrige fotballsepelarar då ⚽️⚽️⚽️ ... Sjå meirSkjul
Foto
Laurdag spelar G06, med Sigurd og Tore som lagleiarar. Laget: Oliver, Konrad, Eldrid, Odin, Alexander og Ingar.
Søndag spelar J07, med Arild som lagleiar. Laget: Solveig, Arianne, Lovise Ane og Anna.
Lykke til ⚽️⚽️⚽️ ... Sjå meirSkjul
Foto
Lag til turneringa kommande helg:
G06 - 19.september
Oliver
Odin
Konrad
Alexander
Eldrid
J07 - 20.september
Solveig
Ane
Lovise
Arianne
Anna ... Sjå meirSkjul
VIKTIG MELDING - FRIST FOR PÅMELDING 11.SEPTEMBER KL 17.
Spre informasjonen slik at alle får med seg informasjonen.
INVITASJON TIL KONGLERIKET MINIPUTT-TURNERING PÅ SYRIL STADION LAURDAG 19.SEPTEMBER OG SUNDAG 20.SEPTEMBER.
Syril ynskjer miniputt-lag i J/G 6 og J/G 7 i Balestrand, Fanaråk IL, Fjærland, IL Bjørn, Luster, Norane, Sogndal, Vik velkommen til Kongleriket Miniputt-turnering på Syril stadion laurdag 19.september og sundag 20.september.
6 åringane laurdag og 7 åringane søndag - ein foreldre pr lag. Påmelding må innehalde namn på deltakar + namn og telefonnummer på den som er med. ... Sjå meirSkjul
Informasjon frå Sogndal:
Ved ankomst:
Gjer vel å nytta antibac som skal stå ved alle inngangar til campus. Inngang frå aust ved Bragebygget. Inngang frå vest ved Idrettssenteret. Inngang på sida av Sognahallen mot aust. (Det er anleggsarbeid på vestsida av Sognahallen, der det blir bygd ein treningshall)
Møt tidlegast 30min før første kamp. Lagleiar (evt trenar) hentar premiar til sitt lag. Dette får ein utdelt i sekretariatet. Vi har laga protokoll over deltakakarar på arrangement. Minnar om at kun 1 føresett kan vera tilstades. Skulle det komme personar som ikkje er innmeldt via sitt lag/klubb, så må vedkommande oppsøke sekretariat og skrive seg på ark som ligg der. Namn+mobil. Dette gjeld kun uinnmeldte personar.
Banene:
Det er 3ar baner med vant. Det er 2 stk baner laurdag og 3 stk baner søndag. Banene blir spredd i hallen for å lage maskimal avstand mellom baner og publikumsareal. Det vil vere merka med hattar/kjegler område for trenarar/innbytarar til kvart lag inntil banene. Me anbefalar at lag som ikkje spelar, oppheld seg i god avstand til 3ar banene på den delen av bana som ikkje er i bruk eller på tribune/løpebanene. Publikum har ikkje adgang til banene og må halde seg i god avstand frå vantet på 3ar banene. Vi tenkjer det skal vera ei frisone på minimum 3 meter frå vantet. Og publikum skal halde 1 m avstand til kvarandre og helst halde seg med foreldre frå samme klubb. Med publikum her så meinast det foreldre/føresett, og på denne turneringa skal det kun vera 1 forelder/føresett pr barn. Viss dei sprer seg godt, skal det vera romsleg rundt 3ar banane.
Toalett:
Det er 5 toalett for kvart kjønn på enden av Sognahallen mot aust. Desse vert reingjort jamnleg gjennom turneringa og ekstra grundig i pausen mellom turneringane.
Kiosk:
Me tek kun i mot vippsbetaling i kiosken på denne turneringa. Utval i kiosken vil vere (med atterhald om endringar): Kaffi, kake, vafler, kanelsnurrar, pizzabolle, saft. Me ber om at ingen tek hendene inn over kioskdisken. Dykk blir servert av kioskpersonell. Hugs minst 1 meter avstand i kioskkøen. Vippsnr: 975 64 566 (Camilla Reppen Solberg)
Tema:
Fokusområde skulle ha vore "Miniputtar på lag med miljøet". Med dagens situasjon vert fokus tona ned til å gjelde profilering av "Miljøreglar".
Anna informasjon:
1 vaksen per spelar
fair play helsing vert gjennomført utan handtrykk
antibac vil vere tilgjengeleg ved ankomst, toalett og kiosk. Ta gjerne med eigen handsprit.
Me minner om koronavettreglane som de finn her: www.fotball.no/tema/nff-nyheter/2020/koronavettregler/
Minner og om at:
sjuke personar skal halde seg heime
god hand- og hostehygiene og forsterka reinhald
halde minst 1 meter avstand og redusere kontakt mellom personar utanfor kampen og på reisa til og frå
NB! Ankomst Sognahallen tidlegast 30 min før turneringsstart, vil sei at G 6 år kan kome frå kl.09:30 laurdag, J 6 år kan kome frå kl.14:00 laurdag, G 7 år kan kome frå kl. 10.30 søndag og J9 kan kome frå kl.14:00 søndag. Alle lag må forlate arena etter siste kamp når lagfoto med kongleriket premiane er teke. ... Sjå meirSkjul
Oppdaterte koronavettregler
www.fotball.no
Oppdaterte koronavettregler Del: Del på Facebook Del på Twitter Del på mail Skriv ut Del på Facebook Del på Twitter Del på mail Skriv ut En gruppe skal være fast over tid, minimum en uke og ha ... Kampoppsettet for 6.september i Sogndal ⚽️⚽️ ... Sjå meirSkjul
Foto