Turorientering
Turorientering – god trim og gode opplevingar
Nesten 60 ulike postar er tilgjengeleg for glade vandrarar. Ikkje treng du kompass, ikkje treng du å vera spesielt sprek og ikkje er det dyrt.
Registreringsskjemaet kostar berre 50 kroner
Du treng eit registreringsskjema
Dei tre idrettslaga ILFanaråk, Luster IL, og IL Bjørn samarbeidar om å arrangere turorienteringa.
Postane er vanlege postkasser som er sett opp på plassar som er lett å finne. Mange av postkassene er sett opp på stølar eller ved utsiktspunkt på mykje nytta turstiar. Postane er ikkje gøymde, men heng lett synleg. I postkassene ligg det ei loggbok der du skriv inn namnet ditt og datoen. I tillegg til å skriva deg inn i loggbøkene treng du eit skjema der alle postane er lista opp og der du skriv inn kva postar du har besøkt og når.
Skjema får du kjøpt på : Joker Luster eller hjå Luster Radio og Tv Service. Skjema skal levarast tilbake på ein av utsalsstadane. Hugs å rekne ut totalsummen for alle turane før du leverer inn skjemaet. Frist for å levera inn sjemaet er 31. desember i det aktuelle året.
Kart
Du treng ikkje kompass for å finna postane. For mange av postane treng du heller ikkje kart, då posten ligg langs ein godt merka tursti. Men har du kart er det lettare å finne fram og du får også større utbytte av turen. Då kan du sitje på eit utsiktspunkt og finne namn på stader og toppar som du ser i det fjerne. Kart, kompass, eller eventuelt gps er uansett greitt å ha med som sikkerheit for deg sjølve når du ferdas i naturen.
Meir om dei ulike postane
Inger Handegård har laga skildring av fleire av postane på bloggen sin.
Denne bloggen finn du på sida: http://springer-inger.blogspot.no/
Postane og poeng
Du kan gå til samme post fleire gonger og få registrert poeng kvar gong. Det å gå til nye postar gjer at du får nye opplevelsar og får sett mykje fint. Det er ofte slik at me går den same, kjende turen år etter år og sjeldan prøver oss på ukjente stiar. Turorienteringa er eit fantastisk høve til å få det sparket ein ofte treng for å gå på nye stader. Eksempel på postar som ligg på kortare turar er Løsletti på Indre-Hafslo, Gaupneberget, gamlevegen opp i Røneidsmarka, gamlevegen til Berge og Hærishovden i Luster. Eksempel på dei lengste turane er Molden, Haugafjellstølen i Jostedalen, Fivla, Børesteinen i Luster, Dulsete i Mørkridsdalen og Skautevatnet på Sognefjellet.
Bronse, gull og sølv
Når du driv med turorientering konkurrerer du først og fremst mot deg sjølv. Her er det ikkje krav til tid, det er ikkje krav til utstyr og det er ikkje spørsmål om når på døgnet eller når på året du tek turen. Du vert delt inn i klasse alt etter kor gamal du er. Klassane er 0-6 år, 7-12 år, 13-49 år og over 50 år. Handikapklasse med 50 % av ordinær poengsum. For kvar klasse er det krav om ein viss poengsum for å få merke. Dei ulike postane gjev varierande poeng, frå 10 til 30, alt etter kor krevjande turen er. Enkelte stader er det råd å gå innom eit par postar på ein og same tur, men ofte ligg posten slik til at det vert berre ein post den turen.
Du må levere inn skjemaet ditt der du kjøpte det på slutten av året for å få tildelt merke og vera med på trekning av premiar. Gåvepremiar og gåvekort vert trekt mellom alle som deltek. Alle som klarar krava får bronsemerke 1. året, sølvmerke 2. året og gullmerke 3. året. Så er det ei ny utmerking for kvart 5. år du klarar krava til gull.
Kontaktpersonar:
- Luster IL: Gunn Kristin Alme
- IL Bjørn: Steinar Schmidt
- IL Fanaråk: Stine Mari Fuglesteg
- ansvarleg Webside, Svein Tore Heltne
Postar:
- Lyngsete: Joranger, parkering ved kyrkja: 20 poeng, kart Lyngsete
- Klibbereggji: Dale, ende av veg mot Martamyri, 20 poeng, Kart Klibbereggi
- Løsletti, Jorangervegen, 10 poeng,
- Marheimsholten, Sviggaplassane, Marifjøra, 15 poeng, Kart Marheimsholten
- Steinkveane, Sviggaplassane, Marifjøra, Svåi, 25 poeng,
- Molden, Krossen, Marifjøra, Oppheimshaug, 20 poeng, Kart Molden
- Svarthiller, Krossen, Mollandsmarki, 20 poeng, Kart, Svarthiller
- Bondehaug, Krossen, Resaland, 10 poeng,Kart Bondehaug
- Stuaflåten, Mollandsmarki, 20 poeng, Kart, Stuaflåten
- Gamle vegen til Råum, Råaberget, 10 poeng, Kart: Gamlevegen til Råum
- Heggdalen, Engjadalen, 20 poeng, Kart, Heggdalen
- Vorfjellet,Engjadalen, 20 poeng, Kart, Vorfjellet
- Jargolane, Engjadalen, 10 poeng, Kart, Jargolane
- Sjåheim, Engjadalen, 10 poeng, Kart, Sjåheim
- Venåsen, Skytebana/Engjadalen, 20 poeng, Venåsen
- Lø/Sandvikberget, Sandvik, Engjadalen, 15 poeng, Kart Lø/Sandvikberget
- Gåpnaberget, gamle kyrkja,Tandle, 10 poeng, Kart Gåpnberget
- Åsmo, forbi Ytamo, Grindane, skytebana, 20 poeng, Kart , Åsemo
- Fossane, gamle Røneidsstølsvegen, Skarpamo, 10 poeng,
- Hjellene, Kalhagen, Røneid, 10 poeng,
- Hilleren, Skarpamo, Kalhagen, 10 poeng,
- Fodnastølen, Røneidsstølen, bekkeinntaket, 20 poeng,
- Nystølen, Røneidsstølen, bekkeinntaket, 20 poeng,
- Nonhaugen, Leirdalen, 20 poeng,
- Fivla, Vigdalsstølen, Vigdalen, 30 poeng. Kart Fivla
- Haukåsen, Myklemyr, Alsmo, 10 poeng,
- Vassdalen, Gardshaug, Sperla, 25 poeng,
- Haugafjellstølen, Haugen, Gjerde, 25 poeng,
- Gjerde-Bresenteret, Gjerde, Bresenteret, 10 poeng,
- Haldesås, Nes ved campingen, 15 poeng,
- Gamlevegen Nes-Høyehim, Nes, Høyheim, 10 poeng
- Kolstadeggi, Nes, Engjadalen, 25 poeng,
- Langen, Høyheimsvik, Saude, 20 poeng,
- Grånosene, Harastølen, Nes, Engjadalen, 15 poeng,
- Gamlevegen til Berge, Solstrand, Luster Omsorgssenter, 10 poeng,
- Berget på Ottum, Ottumstunellen, Luster, 10 poeng,
- Børesteinen, Luster, Luster Omsorgssenter, 30 poeng,
- Stordalen, post ved høgspentmast, Harastølen, Røssesete, 20 poeng
- Brennesteinane, Bringe, Harastølen, 20 poeng,
- Hellesete, Harastølen, Røssesete, 25 poeng,
- Jagershaug, Harastølen, Røssesete, 20 poeng,
- Kilali, Kilen, Dalsdalen, 25 poeng,
- Hærishovden, Svea, Skihytta til Luster IL, Harastølen, 10 poeng,
- Verdens Ende, Harastølen, 10 poeng,
- Hornane, Kolstad, Dalsdalen, 20 poeng,
- Hersete, Kolstad, Dalsdalen, 20 poeng,
- Fjøsnastølen, Rasteplass ved Fjøsnane, 15 poeng,
- Lønningane, Yttri, 25 poeng,
- Rebnisli, parkeringsplass under Skori, Skjolden, 20 poeng
- Dulsete, Mørkridsdalen, parkeringsplass Hyrnavollen, 25 poeng.
- Osen, Åsetevatnet, parkeringsplass på Mørkrid, 30 poeng,
- Fuglesteg, Parkering Fortun sentrum, 15 poeng,
- Vetleåsen, Parkering Fortun sentrum, 15 poeng,
- Helgedalsnosi, Oscarshaug, Huldehaugen, 15 poeng,
- Skautevatnet, Turtagrø, Helgedalen, 30 poeng,
- Bergheim, Nattropneset, Tallsete, 20 poeng,
- Nystølen, Ornes, Dalen/Kinsedalen, 20 poeng
- Kroken, ved Urnes, Urnes stavkyrkje, 20 poeng,