Lustraløpet

Lustraløpet er eit landevegs- og mosjonsløp over 10 km, med start på Neshøgdi og mål ved Luster oppvekstsenter. Det er og eit alternativ med kortare løype, trimklasse på 3.5 km, med start ved ungdomshuset på Markstein og mål ved Luster oppvekstsenter.

Lustraløpet er vidare kjent for sin naturvakre omgjevnad og flotte premiar laga av  lokale produsentar/kunstnarar.

Lustraløpet har vore arrangert kvart einaste år sidan 1986, og 3. juni 2018 vert løpet arrangert for 32. gong. Det vert lagt ned ein massiv frivillig innsats blant medlemmer og innbyggjarar i Luster for å få til eit vellukka arrangement år etter år. Utan denne dugnaden hadde det ikkje vore mogleg å få til.

Lustraløpet er og første løp i Lustratrippelen (Lustraløpet, Molden opp og Fanaråken opp)

Lustraløpet, deltakaroversyn 1987-2017

Skal du ha langtidspremie i år?
Søk etter namnet ditt i tabellen under og sjå kor mange gonger du har delteke i Lustraløpet (til og med 2017)
Kanskje det er du som skal ha langtidspremie i år? (om du har 4, 9, 14, 19, 24 eller 29 tal år til no)

Det er langtidspremiering på 5, 10, 15, 20, 25 og 30 år