Lustratrippelen 2017

Idrettslaga Luster, Bjørn og Fanaråk har gått saman om Lustratrippelen 2017. Deltek du på Lustraløpet, Molden opp og Fanaråken opp har du moglegheit til å vinne fine premiar.

Lustraløpet er 5.juni og er eit 10 km langt løp langs Lustrafjorden frå Nes til Luster. Mosjonsklassa startar frå kl 11:00 og konkurranseklassa kl 14:15  http://www.lusteril.no/

17.juni fortset ein med motbakkeløpet Molden opp frå Marifjøra til toppen Molden som ligg 1116 moh. Mosjonistane startar her frå 08:00-10:00 og konkurranseklassa 11:16   http://www.moldenopp.no

12.august avsluttar ein med Fanaråken opp frå Turatagrø 868 moh til Fanaråken 2068 moh. Her er det start i mosjonsklassa frå 07.30-10:00 og i konkurranseklassa 11:00    http://www.fanaraaken.com/

Beste mann og kvinne i konkurranseklassa vinn 5000 kr. Kriteria er at ein må ha delteke i konkurranseklassa på alle tre løpa og den med minste totaltid vinn. I mosjonsklassa vert det trekt ut to gåvekort på 2000 kr og ein sykkel til ein deltakar under 12 år.

Dersom ein vel å starte i konkurranseklassa i nokre løp og mosjonsklassa i andre er ein med i trekninga for mosjonsklassa, gje då beskjed om dette under påmeldinga for siste løpet.

Premiane vert utdelt på Fjordstova, Skjolden, 12.august kl 17:00.

Publisert i Lustraløpet, Nyhende