Lustraløpet 2016

Lustraløpet 2016, vart avvikla i strålande solskin, godt over 20 grader, og omtrent vindstille.
I trimklassa var det 208 deltakarar og talet for aktive var 35 stk.

Årets prestasjon var utan tvil rekordløpet til Rune Opem, IL Dalebrand, som knuste til me ny løyperekord i varmen. Den ny rekorden lyder på 30 min. og 32 sekunder, noko som er 6 sekunder raskare enn førre rekord, satt i 2014. Rune Opem fekk og med seg spurtprisen i herreklassane , som er etter ca. 2km av løypa.

I kvinneklassa var Kia Gemechu like suveren. Ho hadde bestetid av kvinnene( 38:31) og vann også spurtprisen.

Alle klassevinnarane fekk med seg kvar si handmåla helle, med motiv frå Lustrafjorden.

Elles er det verdt å nemne at årets løp var det 30. i rekka. Det er tre personer som har delteke på alle desse løpa opp gjennom åra, i trimklassa. Dei vart hedra med kvart sitt måleri , sjølvsagt desse og med motiv frå Lustrafjorden.

Litt på sida av sjølve løpet, men uansett, nytta idrettslaget anledninga til å overrekka Magnar Kvam skikruset. Dette er noko ein gjer seg fortent til om ein har gått til skimerke og klart kravet 40 ganger, altså må ein driva på i 40 år.

Styret i  Luster Idrettslag vil takke dugnadsgjengen bak dette arrangementet for fantastisk dugnadsinnsats.

Me håper dugnadsgjengen, trimmarane, og ikkje minst dei aktive , finn vegen tilbake til Luster også neste år.

Lenkje til :  Resultatliste