Lustraløpet 2020

Søndag 14. juni blir Lustraløpet arrangert for 34. gong.

Trimklassen: Nes -Luster :Starttidspunkt fra 11:00-13:00. Påmelding ved start. Kontingent kr.150,- , familie kr.300,- (familie: foreldre/føresette med born u/18)

Trimklassen : Markstein-Luster. Kortversjon på 3,5 km. Påmelding i målområdet/kiosken. Kontingent kr.150,-

Konkurranseklassen: Nes-Luster: start kl 14:15. Påmeldingsfrist 13:45(gjeld og henting av startnr.) Startkontingent kr. 250,- Påmelding sjå botnen av saka:

Premiering:

Klasseinndeling: 12-14/15-17/18-22/23-34/35-39/40-44/45-49/osv. 5 års klasser heile vegen opp.

Klassevinnarar får handmala skiferhelle med lokalt motiv. Er og 2. og 3. premiar. Premieutdeling etter løpet i målområdet. (uavhenta premiar blir ikkje ettersendt)

Pengepremiar: Bestetid i mål , menn/kvinner får 2000,- kvar. Spurtpris etter ca. 2 km. 2000,- kvar. Ny løyperekord. 5000,-

Løyperekord menn: 30:32. Løyperekord kvinner 35:22

Om Løpet:

Lustraløpet er eit landevegs- og mosjonsløp over 10 km, med start på Neshøgdi og mål ved Luster oppvekstsenter. I målområdet ved Luster Oppvekstsenter er det garderober med dusj. Ved start er det toalett , men ikkje garderobe/dusj. Me stiller med minibuss som køyrer skytteltrafikk mellom mål/start heile dagen fra 10:30 og til etter premieutdelinga. Det er begrensa med parkeringsmoglegheit ved start, så me oppfordra flest mogleg til å parkere ved målområdet og ta buss ut til start.

Alle som deltek i trim og i konkurranseklassen vil få gratis betasuppe i målområdet. Etter ca. 6 km., vil det vera drikkestasjon, ved badeplassen. Her vil og toalett vera tilgjengelig. Ellers er det kiosk med sal av mat og drikke i målområdet.

Betaling: Me tek kontant og Vipps , både i kiosk og for betaling av kontingent. ( me har ikkje kortterminal).

Lustraløpet er og første løp i Lustratrippelen (Lustraløpet, Molden opp og Fanaråken opp)

Påmelding:

Du kan betale til kontonr. 3785 20 03619. merk innbetalinga med namn, eller til VIPPS NR. 107386 : Luster Idrettslag, startkoningent Lustraløpet, startkontingent aktive.

Me set pris på om du melder deg på her/fyller inn skjema under. Dette gjer det lettare for oss som arrangør. Men du kan og melde deg på på løpsdagen innafor fristen 13:45. Startnr. vert delt ut ved start fra kl. 13:30