NB! Hugs Lustratrippelen 2018

Idrettslaga Luster, Bjørn og Fanaråk har gått saman om Lustratrippelen 2018. Deltek du på Lustraløpet, Molden opp og Fanaråken opp har du moglegheit til å vinna fine premiar. Alle som deltek på alle tre løpa får deltakar krus.

3.juni – Lustraløpet
Lustraløpet er eit 10 km langt løp langs Lustrafjorden frå Nes til Luster. Mosjonsklassa startar frå kl 11:00 og konkurranseklassa kl 14:15  http://www.lusteril.no/

16.juni – MoldenOpp
Molden opp er eit motbakkeløp frå Marifjøra til toppen Molden som ligg 1116 moh. Mosjonistane startar her frå 08:00-10:00 og konkurranseklassa 11:16   http://www.moldenopp.no

11.august – Fanaråken opp
Fanaråken opp er eit motbakkeløp frå Turatagrø 868 moh til Fanaråken 2068 moh. Her er det start i mosjonsklassa frå 07.30-10:00 og i konkurranseklassa 11:00    http://www.fanaraaken.com/

Beste mann og kvinne i konkurranseklassa vinn 3000,- kroner. Kriteria er at ein må ha delteke i konkurranseklassa på alle tre løpa og den med minste totaltid vinn. .

Om ein vel å starte i konkurranseklassa i nokre løp og mosjonsklassa i andre er ein med i trekninga for mosjonsklassa. Gje då beskjed om dette under påmeldinga for siste løpet.

Premiane vert utdelt på Fjordstova, Skjolden, 11. august klokka 17.00.

Merket med: